Norgesløpet 2010 arrangeres av Køyretøy Historisk Klubb Voss. Temaet er ”Bilsal for alle” - i 60 år. Ein historisk viktig milepel for bilen og folket. Det var tidlegare kun lækjarar, politi og embetsmenns om fekk løyve til å kjøpa bil.

No vart salet opna for alle. 1960 vart soleis ein milepel på både godt og vondt. Godt då alle fekk mulegheita til å kjøpa seg bil, vondt for dei som i etterkant har gamalbil som hobby. Salet for alle medførte at mange gamle bilar vart skrota, dette er sjølvsagt gamalbilentusiastar lite glade for no.
Dette vil Køyretøy Historisk Klubb Voss markera under Norgesløpet (VossaRudl'n) 2010.

Fredag 4. juni: Seminar angåande temaet ”Frislepp av bilsalet 1960”
Laurdag 5. juni: Norgesløpet 2010
Sundag 6. juni: Sosialt samvere før heimreise for deltakarane


Siste gang Norgesløpet var på Voss var det stor oppslutning. Det blir det også i 2010.

Fredagsprogram seminar:
Køyretøyparken i Norge frå Krigsåra og fram til 1960 – frislepp av bilsalet. I forkant av dette ynskjer KHKV å samle inn historiar, bilete, skildringar av reperarasjonar/vedlikehald av køyretøyparken. Det vart eit skrikande behov for reservedelar som ikkje fanst i denne tidsepoken.
Planane er å avslutta kvelden med ei ekstremkulinarisk oppleving.

Laurdag:
KHKV vil i dette løpet ”Back to the roots” Det me meiner med det, større vekt på oppleving og det sosiale aspektet det er å treffa andre med same interesse. Slik som den fyrste VossaRudl’n.
Løpet har base i ”Bømoen leir” Her foregår start, lunsj og målgang. Løpet blir ca 6 mil langt. Om lag 3 timars køyretid med 3 – 4 postar undervegs, ”kanskje ein liten fartsetappe” 1/8 mile på tid ??!?!?

Løpet går denne gongen lokalt i Vossabygda. Løpsfest og overnatting Park Hotell Vossevangen. Me har tenkt ca 200 Køyretøy, eller antalet det er plass til under festmiddag.
Historiske Militære Kjøretøyers Forening er med oss også! Dei kjem på fredag og inntar ”Bømoen leir” Slik at ramma rundt løpet blir slik som infanteriregimentet nr 10 var rundt 1960.
Me premierer alle klassar som før, eigen vandrepokal for nyttekøyretøyklassen.

Sundag:
Sosialt samvere, før heimreise. Planane for sundag er endå ikkje heilt bestemte.

(Alle klubber og medlemsblad får tilsendt informasjon separat)